tirsdag 15. november 2016

Damenes aften:

Sist uke vart ei veldig travel veke for meg både med damenes aften og min eigen 30års feiring og attpå til sjuke ungar heile veka. 

Eg blei leigt inn til å holde eit lite foredrag og lage utstillingar hos Veldes Malerservice sin
 "damenes aften".  Med meir enn 100 påmeldte og fleire på venteliste gjorde at nervene var i høgspenn men det gikk heldigvis veldig bra og det blei ein veldig vellykka og kjekke kveld. 



Eit moodboard er ein collage som visualiserer ein heilhet omkring ein idé. 
Enkelt forklart er eit moodboard som eit reisekart som viser korleis det kan se ut i framtida. 
Moodboardet til utstilligen inngagnsparti viser kva tankar eg har gjort meg om korleis det ferdige rommet skal sjå ut. Eg prøver på moodboardet å vise at eg vil blande materialer, 
altså organisk mot råbetong, jordfarger mot kalde gråtonar, 
mjuke tekstiler mot hard tegelstein. altså mykje kontrastar. 


INNGANGSPARTI:
her ser dokke eine utstillingen eg har laga. eg tenker at det er viktig med eit fint, oversiktlig og innbydande inngangsparti. Det første rommet ein kjem til er jo entreen og her skapes første inntrykket av huset. 

Skal du bygge nytt prioter 2 hovedinnganger. ein til gjester og ein til dokke som familie. dette er spesielt viktig for dokke som har barn, for eg som har 3 små gutar som kvar ein einaste dag kjem him med halve sandkassen oppi støvlane veit kor greit det er å ha ein privat inngang til slikt. 
Inngangspartiet skal gjenspegla litt av kven du er og gjestene får ein opplevelse av korleis resten av huset ser ut. 

Bilde eg har hengt opp på veggen viser at her bor det nokre unge folk. Jakken viser at det bor ei som er opptatt av mote,  skinnskoene og veska viser at det er nokon som er opptatt av kvalitet. 
Betongen viser at ein liker rette enkle linjer og 
ekte materialer.


Oppbevaring er nr1 for at det skal sjå ryddig ut. Ein kan ALDRI få nok oppbevaringsplass. Har du moglegheit, prioter skap frå gulv til tak med masse skuffer for å plassera vekk yttertøy og lignande. 
Sett også gjerna av litt plass som den aller yngste og eldste kan sitta å ta på seg skotøy. Her har eg brukt min egen designa betong krakk vs bord. under kan ein plassera ei korg til å ha luer i for mest mogleg oppbevaringsplass. 

I eit hus bør det alltid og då meiner eg ALLTID vera ein fond vegg som du kan skifte farge på etter humør.
 Eg tenkjer at det gjerne kan væra i entreen. Knall farger kan gjerna brukast i nettopp ein gang/inngangsparti for det er ikkje eit rom ein oppholder seg over i lengre tid. 
Ein farge som er veldig trendy akkurat nå er rustrødt. 
For at det skal bli ein fin balanse har eg brukt grått i lag med rødt i tillegg har eg satt inn ein grønn plante som er direkte kontrast til fargen rødt.
Rødt og grønt står ovenfor kvarandre i Ittens fargesirkel. 
Det betyr at dei framhever kvarandre. 




Eg har latt meg inspirera av hotellrom og det synest eg at kjem godt fram i moodboardet eg har laga. 
Dette er heilt forskjellig i forhold til den første utstillingen. Her går alt ton-i-ton. 
I fokuset på moodboardet har eg eit nydelig lite sovande barn. Følelsane detta barnet får fram i oss ønsker eg at skal settas til live i rommet. Det skal væra ein plass ein slapper godt av, mjuke tekstiler og det skal vera ein plass som ein kan skape nye prinser og prinsesser. 




Eg har også valgt å bruke gulv teppe her i utstillingen. 
80-tallets teppebelagte rom tar trendverden med storm, særlig på soverommet og i walk-in garderoben der ein ofte går uten sokker og dermed er tjent med eit mjukt og behagelig underlag å sette fotsålen på. Det blir vertfall vanskeligare å stå opp på feil fot då.

Det seies at vegg til vegg tepper er meir allergi og astma vennlig da det gjør at støvet ikkje sirkulerer rundt i rommet men legger seg på teppet og kan da enkelt støvsuges opp. 

Luksus og god atmosfære er viktig på eit rom du tilbringer så mykje som 24år og 4 måneder gjennomsnitlig av eins liv til å sove. 

Eg tenker lune farger, gull, glitter, silke sengesett, velur gardiner som går frå gulv til tak.


Tapeten eg har valgt ut er frå den populære Danske designeren Arne Jacobsen. 
Fargen Fusion fra Jotun er ein farge eg synest passer perfekt til og ville brukt den på dei resterande veggane i eit soverom. 
I tapeten «Vertigo» som blei opprinnelig skapt for tekstil på 50-tallet er det mykje runde fine former. Desse formene ville eg tatt opp igjen i valg av lampe.

 Husk forskjellige typer belysning. Almennbelysning, leselys, dekorbelysning og stemningslys.

Når det kjem til lamper vil eg tipse dokke til å plassere dei på vegg eller i taket for å frigjør plass på nattbordet. Nattbordet som er utstilt her er mitt eget design.


Takk Ingunn Elise frå Veldes Malerservice for eit veldig kjekt oppdrag
 og for at dokke alle på butikken på Vea tok så godt i mot meg.

Og tapeten som du ser her på det siste bilde blir nok snart å finna hima sjå meg, 
eg har nemmeleg ein plan ( som alltid, hehe:)







tirsdag 1. november 2016

Det "hottaste" du kan ha på veggen nå:

Reindeer Moss fra Nordgöna er eit ungt og raskt voksande selskap som starta i 2014. 
Dei utviklar innovative interiørprodukter laga av naturlig Reinder Moss eller Kvitkrull som me nordmenn kallar det.  Eg er så heldig å få vera ein av dei aller fyrste forhandlerane i Noreg. 

Det er håndplukka paneler som ikkje treng verken sollys eller vanning. 
Ein kan med andre ord ha desse for ALLTID. 
Panelene finnes i:
firkantar ( square 30,45 og 60cm)
sirklar ( circle 30,45,60cm)
sømløs (30 og 45cm) 
Denne sistenevnte bruker ein om ein vil skape ein heil grønn vegg. 

Eg har laga meg eit showroom i heimen min der du som kunde kan få sjå dei "live".






Som du kan sjå så får du dei i 27 forskjellige fargar.
Eg veileder gjerne i forhold til valg av farger med tanke på at eg har utdanna meg som interiørveileder og boligstylist. 
Er det ønskeleg å få ei skisse med eksakte mål så kan eg sjølvsagt laga det også. 



Her kan du lesa litt om kva dette er.
Legg spesielt merke til at dei har sertifiseringer på lydabsorbering.
Det er 100% naturleg. Det er håndplukka her i Norden. 
Panelene blir laga for hånd hos Nordgöna i Lund i Sverige 
og sendt direkte til meg/deg som kunde. 


Like under ser du showroomet mitt. 










Her er skissa eg laga for å finne ut korleis det passa inn i rommets mål. 
Det er slike skisser eg tilbyr deg som kunde, dette som ein ekstra service frå meg. 

Vil du ha meir informasjon ta kontakt med meg på mail;
annhelen@modernestil.no 







onsdag 26. oktober 2016

Interiør og boligmessen:

I helga hadde eg ein litt sånn kinderegg opplevelse:
stor inspirasjon på Interiør og boligmessa,
kvalitetstid med kjæresten og
mykje latter og moro med eit vennepar,
alt sammen på eit og same sted, BERGEN.

Interiør og boligmessa har i år "Ein hyllest til Vestlandet" som tema. 
Noreg sin historie byrja på vestlandet og i år skal me hylle livslinjene på vestlandet. 

"Gjennom samspel mellom natur og interiør skal me 
skape soner som fortel korleis me speglar oss i naturen"

 Like under ser du dei 3 ulike trendsonane. 







Eg diggar at dei har brukt diktet til Olav H. Hauge veggane på messa,
som forøvrig er frå same plass som mor mi, Ulvik i Hardanger.
"Katten sit i tunet når du kjem. 
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden."



Alt var veldig gjennomført på messa. 
Her ser du Bakstehuset som sel kortreist og økologisk gjærbakst. 





Hovedfargen i år er RØDT. 
Eg sjølv har forelska meg totalt i denne fargen, 
den rustrøde kjem nok snart til å innta plass i min heim, 
i kles skapet har den allereie fått ein sentral plass. 



Den internasjonale trendstjerna Gudy Herder laga lørdagsmorgen i lag med 60 interiør entusiastar denne store flotte inspirasjonsveggen. Ho haldt også eit inspirerande foredrag om moodboard. 
Eg lot meg vertfall begeistra av denna damå og hennas driv. 




Eg blei starstrucked når eg såg Andreas Engesvik, han er trossalt ein prisbelønt designer som høster stor oppmerksomheit både innenlands og utenlands. Sofaen Tiki og stolen Bollo var utstilt på messa.
Her har eg tatt eit bilde av håndskissa av sofan Tiki,  som utan tvil står øverst på mi ynskje liste.










søndag 23. oktober 2016

Min egen designa spilevegg:


Nå i haust har me holdt på å "oppgradera" kjellerstua vår, 
og dette kan du lesa meir om i siste utgave av ViByggerNytt 
(som forøvrig kom ut i går). 

Eg har allereie fått ein del henvendelsar angåande spileveggen me har laga.

Det starta med at eg lagte ei enkel skisse med mål, tegna i 1:20. 
Min flinke handyman som driver firmaet ModerneBygg1 klarte å innfri mine ynksjer.
Han laga til og med ei nisje som blei kledd inn med våre håndlagte betong produkt.
Her kan eg ha levande lys uten å vera redd for at det skal ta fyr. 

Spilene er kvitvaska eik og kjøpt hos Optimera på Frakkagjerd. 
Spilene er 21x45mm.



Dei nydelige salt lyktene har Cathrine Kalstø laga personleg til meg. 



Firmaet mitt utviklar seg stadig og det nyaste produktet er betong potten 
som står til høgre på dette bildet. Det vil også komme utepotter i SS17. 
Stuebordet er i storleik 45x45x100 med heile dekksider til kr: 5990,-


Dei grønne vegg plantene som du ser på veggen er eg nylig blitt forhandlar for.
Dette rommet er nå også blitt mitt showroom slik at kunder kan komma å sjå produktene "live".
Det kjem eit nytt blogge innlegg om veggplantane til veka, så stay tuned :)


Dei innebygde hyllene valgte eg å mala i svart matt for å få betre 
fram pyntegjenstandane som skal stå der. 
Svart framhever så det er ein bra farge å bruke for å som bakgrunn for kunst. 

Skissen eg har laga.
 Det er også ei skjult skuff under tv som innheld dekoder og playstation osv.

Slik såg kjellerstua ut før me begynte. 
Som du kan sjå så har det skjedd ein del endringar. 






mandag 17. oktober 2016

Apestreker:

Sist veke hadde me ein liten søt gutt som blei 3år, og det måtte sjølvsagt feirast.
Eg likar å velge tema på bursdager som ikkje er den mest opplagte å velga. 
Å lage ting sjølv synest eg er ekstra gøy. Det blir da mykje meir personleg for bursdagsbarnet. 

Her i huset er det mykje apestreker, dei finn på så mykje løye at det er ikkje til å tro,
 og dei klatrar over alt. Sjølv minstemann på 1,5år fant eg her ein morgon på kjøkkenøya med nugatti boksen i fanget, vanskeleg å la vera å dra på smilebåndet i slike øyeblikk :)



Kay Bojesen apekatt frå HardangerGlassMagasin, kjøpt hos Handlegaten.no er vårt nyaste familiemedlem og har fått namnet Herr.Nilsson. 
Denne er den mellom store og er 28cm høg.
Apekattane frå Kay Bojesen blir laga for hånd i Danmark
 og blei for fyrste gang produsert i 1951, altså ein udødeleg klassikar. 


Her ser du litt av tinga eg lager til sjølv. 
Eg lager også på bestilling for dei som ynskjer det. 



Liten apekatt, 20cm høg. 
Synest apekattane passer inn både på barnerommet så vel som i eit voksent miljø. 


Cupcakes med egen designa stickers.


Namnet til 3åringen (ISAK) har eg sydd sjølv, og fylt med vatt. 


Brune og gule toner synest eg passa godt inn i dagens høstfarger 
med alle dei fine gule bladene utanfor. 
Serviettane lagte eg som pompoms.  


Eg har også valgt å dra inn trestubbar for å henta opp igjen dei brune tonane 
og tre strukturen som finnes i Kai Boyesen apekattane. 


Eit lite tips om ein har litt dårlig tid og ynskjer at det skal vera mangfold på kakebordet er å :
Dele bolle deigen i to deler der du lager kanelsnurrer av eine delen 
og boller i muffinsformer fylt med gul krem av den andre delen. 
Det samme kan ein gjera ved å lage ei sjokolade langpanne oppskrift,
 bruk da 1/3 til muffins (12stk) og resten i den minste ringformen du har. 
Det ser da ut som du har bakt i fleire timer 
mens du eigentleg bare har fordelt baksten i fleire former. 


Oppskrift på god krem som er perfekt å lage roser med (bruk da Wilton 1M tipp).
Denne kremen rekker både til å lage roser på 12 muffins
 og dekke toppen og sidene på ei kake i springform.

Smelt 100g smør på svak varme.
Bland 300g melis, 4ss Oboy og 2ts vaniljesukker. 
Ha litt og litt av det tørre i smeltet smør og rør om. 
Spe på med 4ss melk og visp samen til ein klumpfri glasurmasse.


Her ser dykk sjokolade kaka. Topplokket er spiselig sukkerpapir.
Eg har fått nokon til å skrive ut bilde av apen som eg har brukt på fleire gjenstander
i denne bursdagen. Prøv så lenge det går å ha ein rød tråd for at det skal virka heilhetleg. 




Enkelt, billig og barnas favoritt, skumboller!!


Kinderegg sjokolader. Og ja eg koser meg mens eg holder på å lage til selskap. 
Det er ikkje bare show off men noko som gir meg energi med tanke på at eg får vera kreativ.

Eg ynskjer heller ikkje at andre foreldre skal tenke at eg legger lista for høgt, 
dette er tross alt ein del av min jobb. Eg tilbyr nemleg veiledning innen borddekking, 
om det så er barnedåp, barneselskaper, konfirmasjoner, bryllup eller store runde dagar. 




Her ser dykk ein veldig glad liten 3åring. 


Håper dette innlegget kan vera til inspirasjon, 
og nøl ikkje med å ta kontakt om du lurer på noko.